Gospelkoret med Alive

Gospelkoret gler seg til å arrangere påskekonseren “Alive” i Ulstein kyrkje torsdag 11. april kl 20.00. Påskekonserten er årets høgdepunkt for koret, og mykje øving og sangglede ligg bak denne kvelden. Vi byr på eit variert program med gospelsongar, salmar og dikt. Vi vil ta dykk med inn i gleda, undringa og takksemda over det Jesus gjorde for oss ved si oppstode påskemorgon.

Einfrid Grindheim dirigerer koret og Bjørnar Hovlid er pianist og bandleiar.

Koret vonar konserten blir ei god og stemningsfull innleiing til påskehøgtida som kjem.

Billettar kan kjøpast på www.sjoborg.no eller ved inngangsdøra.