- Ulstein KFUK-KFUM er eit aktivt lag for folk i alle aldrar som vil ta del i eit kristent og mangfaldig fellesskap.
- Vi driv Ten Sing-kor, Tween Sing-kor, Gospelkoret, speidargrupper, vaksengrupper og annan aktivitet i Ulstein.
- Vi er over 300 aktive. Basen vår er samlingshuset Fredheim i Ulsteinvik sentrum.
- Vi vil ha deg med! Les meir om korleis du melder deg inn.
- «Ver deg sjølv. Stå opp for andre» er slagordet til KFUK-KFUM.
- Føremålet til Noregs KFUK-KFUM er å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med ånd, sjel og kropp. Vi vil hjelpe menneske å leve og vekse i tru på Jesus Kristus og i mellommenneskeleg forståing, og utfordre til engasjement og handling i kyrkje og samfunn, lokalt og globalt.
- Vi er ein del av YWCA og YMCA – verdas største ungdomsrørsle. Ulstein KFUK-KFUM høyrer til Møre og Romsdal KFUK-KFUM, Noregs KFUK-KFUM og KFUK-KFUM-speidarane. Vi samarbeider tett med Ulstein sokn.
- Ulstein KFUK-KFUM har ei lang og rik historie. Sjå jubileumsavisa frå 100-årsjubileet i 1982.
Kontakt
Styreleiar Andreas Lunde, tlf. 47 66 68 84, a_lunde@hotmail.com
Postadresse: Ulstein KFUK-KFUM, postboks 81, 6067 Ulsteinvik
Kontonr.: 4137.30.13291