Feira fire ti-år med tensing

Jubileumskoret med dirigent Kirsti Pedersen Haugen ved pianoet.

Ulstein Ten Sing kunne ha fått namnet «Støpsel», om forslaget om å matche namnet til ungdomskoret «Kontakt» på Stranda hadde fått gjennomslag.

Artikkelforfattar: Jorulf Myrene, Vikebladet/Vestposten

Slik gjekk det ikkje. På skipingsmøtet 7. april 1978 vart spørsmålet om namn utsett, etter at ei rekkje useriøse forslag vart lagt fram på slutten av eit langvarig møte.
Tensingkoret fekk etter kvart namnet «Profil».
– Dei første åra var sterkt prega av ei framtredande kristen forankring, og tanken bak namnet var at koret skulle vere ein profil av Jesus, fortalde Magne Grimstad Jr. då han heldt eit historisk attersyn i samband med at Ulstein Ten Sing feira 40 år.

Gospelkveld på skipingsdagen
40-årsdagen vart feira med jubileumskor og gospelkveld på sjølvaste skipingsdagen, 7. april. Jubileumskoret var sett saman av songarar frå dagens tensingkor i tillegg til tidlegare medlemmer som representerte så å seie heile koret si 40 år lange karriere.

Også repertoaret, som jubileumskoret lærte seg gjennom ei intensiv øving på Fredheim nokre timar før gospelkvelden i kyrkja, gjenspegla dei førti åra som har gått. Her var alt frå Andrae Crouch til Bjørn Eidsvåg, Sigvart Dagsland og Marthe Wang. Det var dei to tidlegare dirigentane, Kirsti Pedersen Haugen og Sølve Styve Sæbø som tok hand om instruksjonen.

Avlyste for å dra til Ulsteinvik
– Eg skulle eigentleg vere med på noko anna denne helga, men då eg fekk tilbodet om å vere med på 40-jubileet i Ulsteinvik måtte eg berre avlyse, seier Kirsti Pedersen Haugen energisk.
Ho og mannen Peer budde i Ulsteinvik frå 1981 til 2003, då flytta dei til Grimstad. Kirsti Pedersen Haugen var engasjert i det lokale musikklivet den tida dei budde her, både då ho arbeidde som lærar ved Sunnmøre folkehøgskule, som lærar i Ulstein kulturskule og seinare som Møremusikar. Mellom anna er den årlege Julenattinéen eit arrangement som ho fekk starta opp den tida ho budde her.
– Det er inspirerande å komme tilbake hit. Når det gjeld jubileumskonserten så ante eg ikkje kva vi gjekk til og kva vi kom til å ende opp med. Det tykkjer eg er kjempegøy!
Fleire av songarane og musikarane i orkesteret hadde reist eins ærend heim til Ulsteinvik for å vere med på jubiléet.

Allsong
Gospelkvelden inneheldt også mykje allsong og fleire solistinnslag. På programmet stod også dagens Ulstein Ten Sing. Thorvald Grønli, mellom anna tidlegare krinssekretær i Sunnmøre krins av KFUK og KFUM, delte nokre ord for kvelden. To tensingarar frå kva si epoke, Toril Vågen Vattøy og Erlend Fiskaa Ødegård, batt det heile saman.

Kvelden i kyrkja vart avslutta med song til det førti år gamle bursdagsbarnet og servering av bursdagskake, før dei frammøtte tok kvarandre i hendene og song velsigninga.

Foto: Svein Arne Orvik.