VT 10. april vert digitalt

Vintertreffet som skulle ha blitt arrangert for Ten Sing-gruppene i fylket i februar, vart utsett på grunn av koronasituasjonen.

No er den nye datoen på plass, og Møre og Romsdal KFUK-KFUM inviterer igjen til VT!

Denne gongen står VT for Vårtreff og er eit dagsarrangement laurdag 10. april.

På grunn av smittevern vert det ikkje gjennomført eit fysisk treff i Ulsteinvik for dei ulike Ten Sing-gruppene.

Det vert i staden eit digitalt treff som samlar bidrag frå kvar av gruppene.

Les meir om arrangementet på Facebook.