Eit aktivt annleisår i KFUK-KFUM Ulstein

KFUK-KFUM Ulstein kan sjå tilbake på eit 2020 der koronatiltaka påverka mykje, men der laget likevel fekk gjennomført mange kjekke aktivitetar for barn, unge og vakse. Det var både faste aktivitetar frå veke til veke og større enkeltarrangement. I speidaren og i Ten Sing var tala på aktive til og med høgare i koronaåret 2020 enn i 2019.

Dei mange frivillige i KFUK-KFUM har slik vore med på å skape lyspunkt i ei krevjande tid for lokalsamfunnet, landet og verda. Det er vi takksame for.

Til saman har laget i overkant av 300 aktive medlemmer. Basen for aktiviteten var også i 2020 samlingshuset Fredheim i Ulsteinvik. KFUK-KFUM Ulstein er eit aktivt lag for folk i alle aldrar som ønsker å ta del i eit kristent og mangfaldig fellesskap.

Vintertreffet

Det største arrangementet i 2020 var vintertreffet i Ulsteinhallen første helga i februar. Treffet samla ungdom frå krinsane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Temaet for helga var «God Tid», og Ten Sing Norway deltok. Om lag 270 personar deltok på treffet, medan nærare 600 personar var til stades på den opne gudstenesta siste dagen. Ulsteinhallen og Ulstein vidaregåande skule fungerte svært godt som arrangements- og overnattingsstad: sceneshow, turneringar, baneløp, kiosk, matservering og overnatting kunne skje under same taket.

Ei rekke gåvmilde, lokale bedrifter sponsa vintertreffet med kroner, varer og tenester. Over 100 frivillige frå Ulstein-samfunnet bidrog med organisering, levering av mat, køyring, kiosk, vakthald, scene og anna teknikk, filming med meir.

Oppstartgudstenesta

Oppstartgudstenesta i august markerer kvart år semesterstarten for både Ulstein sokn og KFUK-KFUM. Tradisjonen tru var planen var ei storstilt gudsteneste med tydeleg familiepreg og mange aktivitetar for borna. På grunn av koronarestriksjonar kunne berre omlag 100 personar delta. Det vart likevel ei flott gudsteneste med koronavenleg grilling og nokre enkle aktivitetar etterpå.

Fredheimbasaren og adventsfesten

Den årvisse Fredheimsbasaren vart også annleis i 2020. Nødvendig smittevern gjorde at tombolaen, matsalet og basarfesten måtte avlysast. Løysinga vart lotteri med loddbøker og ein digital minikonsert på Facebook. Den tradisjonsrike adventsfesten på Fredheim vart det først planlagt å flytte til Sunnmøre Folkehøgskule, som eignar seg til arrangement med smittevern på grunn av dei store areala. Men då dei nasjonale koronatiltaka vart stramma inn seinhaustes, vart adventsfesten avlyst.

Torsdagskveldane

Torsdagskveldane på Fredheim er eit samarbeid mellom Ulstein sokn, KFUK-KFUM og Ulstein NMS. I 2020 vart det færre torsdagsarrangement enn vanleg. I januar vart det film- og samtalekveld. Filmen «Disco» vart vist på Sjøborg kino, før det vart gode samtalar og diskusjonar rundt temaet filmen tar opp på Fredheim. I oktober var det tema- og samtalekveld om «Yoga – Uskuldig trim, eller religiøs praksis?».

Ten Sing

Ulstein Ten Sing har halde oppe mykje aktivitet og hatt øving nesten kvar onsdag. Nokre høgdepunkt frå 2020 er vintertreffet i Ulsteinvik, innslag på Loen Skylift, innslag på Ulsteinscena og digital gospelnight digitalt frå kyrkja. Frivillige frå Ulstein Ten Sing var også med på aksjonen Hjartevarme før jul, der det vart samla inn julemat på matbutikkane i Ulstein. Ein gjeng frå Ten Sing gjekk også luciatog og song på sjukeheimen. Ten Sing utviklar seg stadig meir innan film og musikk.

Tween Sing

Ulstein Tween Sing er koret for 4.–7. trinnet. Koret deltok på UKM på Sjøborg kulturhus i februar, kveldsgudsteneste i Ulstein kyrkje i oktober, familiegudsteneste i november og konsert på Sunnmøre Folkehøgskule i desember. Smitteverntiltaka i landet gjorde likevel at koret ikkje kunne delta på seminar eller konsertar eller ha fellesovernattingar.

Speidaren

I speidaren heldt dei fleste patruljane møte om lag kvar veke også i 2020 – med nokre månaders pause på våren på koronasituasjonen. Oppslutninga er stor med nokre fleire medlemmer enn året før. Samlingar som troppsmøte og Hatløy-tur måtte droppast på grunn av koronatiltaka, det måtte også krinsleiren på Flø. Men på hausten vart det fellestur til Nessetelva, og det rekordstore oppmøtet vitna om at behovet for å treffast var stort. På hausten vart det også sniking, speidargudsteneste og kalendersal.

Kvinnegruppene

I kvinnegruppene – sju i talet – var det noko aktivitet i koronaåret 2020, men langtifrå i det vanlege omfanget. Samlingane går føre seg i heimane eller ute på tur. Nokre grupper møtest ein gong i månaden, andre grupper oftare. Kvar gruppe legg opp samlingane sine etter eigne ønske. Gruppene er også viktige bidragsytarar til fellesskapen rundt Fredheim.

Årsmøtet 2021

På årsmøtet 16. mars 2021 vart det vald nye medlemmer til hovudstyret i KFUK-KFUM i Ulstein. Styret består no av Line Lervik Aksnes, Aud Janne Hatlebakk, Lars Erling Bjåstad Hovlid, Hiljerd Holt Myrene, Svein Arne Orvik, Sunniva Røyset og Ole Terje Sukka. Henrik Sandstad og Tomine Sævik Voldsund er varamedlemmer til styret. Årsmøtet vedtok at styret konstituerer seg og vel leiar sjølv.

Årsmøtet valde også denne husnemnda: Lidbjørn Vattøy, Jostein Kiperberg, Sigbjørn Halle, Margaret Vikebakk, Astrid Hjellegjerde Viseth, Evy Vattøy. Arnfinn Hanstad vart vald til kasserar og Harald Nordal til revisor. Valnemnda vart sett saman slik: Anne Strand Kiperberg, Odd Arne Vikebakk, Knut Johan Rønningen.

På årsmøtet vart det delt ut blomar som takk til dei to som gjekk ut av styret – Solveig Johnsen Dahl og Andreas Lunde – og til ein fin bukett med eldsjeler som har lagt ned ein stor frivillig innsats i laget gjennom mange år.

Styret takkar alle som har bidrege med si tid i 2020, det betyr mykje for mange i lokalsamfunnet.

– styret 

Les heile årsmeldinga for KFUK-KFUM Ulstein i 2020.

Les protokollen frå årsmøtet 16. mars 2021.