Vinnar billotteriet 2017

Lotteritilsynet har no trekt vinnarloddet i billotteriet vårt. Halvor Mjøen Berg er den heldige vinnaren. Vi gratulerer!

Lotteriet vart arrangert i 2017 til inntekt for speidaren, Ten Sing, Tween Sing, leiartrening og anna arbeid Ulstein KFUK-KFUM driv for barn og ungdom.

Salet gjekk føre seg fram til årsskiftet, med dør-til-dør-aksjon og stand på kjøpesenter, festivalar, messer og loppemarknadar. 

Gevinsten er ein Mitsubishi Space Star, ein personbil med ein listepris på 181 500 kroner.

Totalt vart det seld 1408 lodd, og blant desse har Lotteritilsynet trekt vinnarloddet, som har nummeret 1632. Loddet tilhøyrer Halvor Mjøen Berg. 

Berg er oppvaksen i Ulsteinvik og bur no i Bergen, der han til dagleg studerer ved Noregs handelshøgskule.

Lotteriet gir eit overskot på om lag 60 000 kroner til barne- og ungdomsarbeidet KFUK-KFUM driv i Ulstein.

Tidlegare tekst

Vinn ein bil og støtt Ulstein KFUK-KFUM! Ein splitter ny Mitsubishi Space Star (listepris 181 500 kroner) blir din viss du vinn billotteriet vi arrangerer i 2017.

Vinnarsjansen er uvanleg høg, for det er berre trykt i underkant av 5000 lodd! Til samanlikning er vinnarsjansane i Lotto så låge som 1 til 5 000 000 og i Tipping 1 til 500 000.

Laurdag 10. juni kan du kjøpe lodd på Kulturallmenningen i Ulsteinvik mellom kl. 10 og 18.

Inntektene frå lotteriet går til arbeidet Ulstein KFUK-KFUM har for barn og ungdom: Ten Sing, Tween Sing, speidar, leiartrening m.m.

Lotteriet har løyve frå Lotteritilsynet, som trekker vinnarloddet 10. januar 2018. Det er trykt 4840 lodd. Uselde lodd vert ikkje med i trekkinga. Vinnaren vil bli tilskriven.