Stor gåve frå Sparebanken Møre

Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre saman med leiar i Ulstein KFUK-KFUM, vaksenleiar Ruben Voldsund og Ulstein Ten Sing.

I høve 175-årsjubileet til Sparebanken Møre, delar banken ut 175 000 kroner til prosjekt som bidreg til trivsel, vekst og utvikling i regionen. I kvar kommune i fylket banken er etablert, vil ein tildele 175 000 kroner til ein verdig mottakar i sitt område. I Ulstein var det Fredheim som blei funnen verdig.

Det var ein svært overraska leiar i Ulstein KFUK-KFUM, Magne Grimstad jr. som fekk ta i mot gåva frå banksjef Ellen Kvalsund i Sparebanken Møre. Grimstad skulle onsdag 12. desember overrekke ten sing ein takk for den flotte innsatsen i høvet årets basar, og så blei han og ten sing møtt av ein gavmild banksjef.

Her er grunngjevinga frå banksjef Ellen Kvalsund i Sparebanken Møre:

– Som ein aktiv og engasjert 175-åring er det kjekt å kunne vere med å sikre fortsatt liv og aktivitet i det over 100 år gamle Fredheim, som gjennom generasjonar har vore eit viktig forsamlingshus i hjartet av Ulsteinvik. Jubileumsgåva skal bidra til å ta eit tradisjonelt bygg inn i ei ny tid, med moderne utstyr og oppgraderte fasilitetar, for å gjere bygget meir tenleg for faste brukarar og gjestar.

– Svært mange i Ulstein har gode minner knytt til aktivitet på Fredheim, og kvar veke er ca 500 menneske innom for ulike fritidsaktivitear, kor, speidar eller i barnehagen. I tillegg vert det vakre sentrumsbygget nytta som forsamlingshus i høve mellom anna 17.mai, jul, bryllaup, barnedåp, konfirmasjon og gravferder. Dørstokken er lav, og bruksområda er mange. Huset vert nytta av gamle og unge og er eit positivt bidrag til gode møteplassar mellom menneske i kommunen.