Fredheim blei bygd i 1909

Fredheim før Sunnmøre Ungdomsskule flytta inn i eige bygg jula 1918.

I 2011 skreiv Ingvil Eilertsen Grimstad ein artikkel om arkitekt Johan Osnes i Levd liv. Johan Osnes var fødd i 1872 og døydde i 1961. Johan kom frå Iverhaugen på Osnes og utdanna seg til arkitekt. Han teikna blant anna Fredheim (1909) og gravkapellet på Osnes (1924). I artikkelen om Johan Osnes har vi henta ut det som gjeld Fredheim. (mer…)

Det skjer mykje i løpet av eit år i Ulstein KFUK–KFUM

Mange møtte fram til Fredheimbasaren laurdag 3.november.

Semesterplan for hausten 2019.

Det skjer mykje i løpet av eit år i Ulstein KFUK–KFUM. I tillegg til alt som rører seg i kora, speidaren og vaksengruppene gjennom året, arrangerer vi også dette:

  • Semesteropningsgudsteneste 25. august i samarbeid med Ulstein sokn. Det markerer starten på eit nytt arbeidsår. Kontaktperson: Magne Grimstad jr.
  • Torsdagskveldar på Fredheim – 29. august, 19. september, 17. oktober i samarbeid med Ulstein sokn og Det Norske Misjonsselskap. Kontaktperson: Judit Grimstad Hatløy
  • Ulsteinmessa vert arrangert 7. september til inntekt for Ulstein nye kyrkje. Kontaktperson: Andreas Halle
  • Drypp – Gudsteneste for ungdom og unge vaksne med bl.a Marte Wang fredag 20. september. Kontaktperson: Ruben Voldsund
  • Alivefestivalen vert arrangert 25. – 27. oktober. Kontaktperson: Beate Mjøen Berg
  • Fredheimbasaren – her tar alle i eit tak for å samle inn pengar til laget vårt! Datoen er laurdag 16. november. Kontaktperson: Torill Våge Vattøy
  • Gospelnight – med Ulstein ten sing laurdag 23. november. Kontaktperson: Ruben Voldsund
  • Speidargudsteneste – den årlege speidargudstenesta med årsmøte søndag 24. november.
  • Adventsfesten – ein dugnadsfest på Fredheim for alle over 20 år – med god mat og underhaldning. Årets fest er laurdag 30. november. Kontaktperson: Silje Grimstad Tvedt

Følg med og få meir informasjon om aktivitetane på Facebook-sida vår og i lokalavisa!

Samlingshuset Fredheim ligg i Ulsteinvik – du kan leige huset til selskap og arrangement

Fredheim er ei tradisjonsrik storstove midt i Ulsteinvik sentrum. Nedst på sida ser du når du kan leige huset!

Hovudsalen

  • kan dekkast som festsal for inntil 120 personer
  • har scene og kan nyttast som konsertsal for inntil 140 personar
  • har projektor, lerret, lydanlegg og flygel
  • har tilkomst med både heis og trapp

Storkjøkkenet

  • har stor steikeplass med 4 plater
  • har stor oppvaskmaskin og kaffitraktar
  • har koppar og kar til ca. 100 personar
  • har kvite dukar som kan brukast mot at ein betaler vask og stell av dei etterpå

Fredheimkjellaren

  • kan dekkast opp med sitteplassar for inntil 60 personar
  • har eit mindre kjøkken

Leigeprisar per 1.11.2016

  • Hovudetasjen med kjøkken: 1.300 kroner
  • Hovudetasjen utan kjøkken: 1.000 kroner
  • Fredheimkjellaren: 750 kroner
  • Storkjøkkenet åleine: 500 kroner
  • Bruk av dukar: mot rekning frå vaskeri

Vilkår

Last ned vilkåra for leige av Fredheim.

Kontaktperson for utleige er Evy Vattøy

Send e-post til ehvat@tussa.com eller ring 913 21 789.

Stor gåve frå Sparebanken Møre

Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre saman med leiar i Ulstein KFUK-KFUM, vaksenleiar Ruben Voldsund og Ulstein Ten Sing.

I høve 175-årsjubileet til Sparebanken Møre, delar banken ut 175 000 kroner til prosjekt som bidreg til trivsel, vekst og utvikling i regionen. I kvar kommune i fylket banken er etablert, vil ein tildele 175 000 kroner til ein verdig mottakar i sitt område. I Ulstein var det Fredheim som blei funnen verdig. (mer…)

Feira fire ti-år med tensing

Jubileumskoret med dirigent Kirsti Pedersen Haugen ved pianoet.

Ulstein Ten Sing kunne ha fått namnet «Støpsel», om forslaget om å matche namnet til ungdomskoret «Kontakt» på Stranda hadde fått gjennomslag. (mer…)

Ulstein Ten Sing feira 40 års-jubileum

Klare for å feire 40 år! Frå høgre ser vi Ruben Voldsund, Magne Grimstad jr., Beate Mjøen Berg, Einfrid Grindheim, Mari Ann Vattøy og Ragnhild Blindheim.

Våren 1978 blei Ulstein Ten Sing starta. Hausten 1967 hadde presten Kjell Grønner starta det første Ten Sing-koret i Norge etter inspirasjon frå det amerikanske konseptet Sing Out America. Ten Sing fekk sitt store gjennombrot på TenåringsTreff i Sandefjord, sommaren 1968, og nye ten sing grupper blei starta over heile landet. Elleve år seinare var tida komen til Ulstein. (mer…)

Raus gåve til Ulstein KFUK-KFUM

Opplæring Vest støttar Ulstein KFUK-KFUM med 10 000 kroner. Gåva gjer det mogleg å styrke det breie barne- og ungdomsarbeidet KFUK-KFUM driv lokalt. (mer…)

Ulstein Tween Sing – koret for alle frå 4. til 7. klasse

Vi øver annankvar torsdag kl. 18–19.30 på Fredheim.

Vi har også sosialkveldar og opptrer på gudstenester og arrangement. Velkomen!

Ulstein KFUK-KFUM og Ulstein sokn driv Tween Sing saman.

Kontakt

Dirigent: Mari Haugen Lunde, 99323437, haumari@hotmail.com
Bandleiar: Andreas Lunde, 47666884, a_lunde@hotmail.com