Ulstein KFUK–KFUM har ei rekke K-grupper. Ta kontakt om du ønsker å vere med i ei!

K-gruppe er ei forkorting for KFUK-gruppe – kristen foreining for unge kvinner. Gruppene varierer i storleik, nokre samlar nærmare 15 personar.

 

Medlemmene i ei gruppe møtest gjerne ein gong i månaden. Samlingane er som oftast heime hos dei ulike medlemmene i gruppa – med enkel servering.

 

Alle K-gruppene har ein kristen profil. Kvar gruppe avgjer korleis dei legg opp samlingane sine. Samtalekveldar, turar og føredrag er døme på moglege opplegg. Ein eller to gongar i året har vi eit felles helgearrangement for alle K-gruppene i Ulstein og Hareid.

 

Ulstein KFUK–KFUM ønsker at gruppene gjer ein innsats for det kristne fellesskapet, t.d. ved å arrangere kveldsgudstenester, bidra med kyrkjekaffi, samle inn pengar til eit bestemt føremål o.l.

 

Det kostar i utgangspunktet ikkje noko å vere med i ei K-gruppe, men det er ønskeleg at ein betalar medlemsavgift til KFUK-KFUM.

 

Ulstein KFUK-KFUM har også to støttegrupper – Forbundsringen og Fredheimringen. Dei møtest ca. annankvar onsdag heime hos medlemmene.

 

Kontakt

Hildegunn Fiskerstrand – tlf. 951 59 692, hildegunn.fiskerstrand@gmail.com

 

Det er for tida ingen aktive M-grupper (mannsgrupper) i regi av Ulstein KFUK–KFUM.