Speidarlova

Ein speidar er open for Gud og hans ord.

 

Ein speidar kjenner ansvar for seg sjølv og andre.

 

Ein speidar er hjelpsam og viser omsyn.

 

Ein speidar er ein god ven.

 

Ein speidar er ærleg og til å lite på.

 

Ein speidar kjenner naturen og vernar om han.

 

Ein speidar er sjølvstendig i det han tenkjer og gjer,
og prøver å forstå andre.

 

Ein speidar gjer sitt beste i motgang og vanskar.

 

Ein speidar er nøysam og prøver å greie seg sjølv.

 

Ein speidar arbeider for fred og forståing mellom menneske.