Fredheim er nymalt

Ein 7-dagarsdugnad med utvendig vedlikehald på Fredheim er fullført.

 

Husnemnda ved Erik Andreassen, Erling Vågeskar og Svein Rødset har stått føre dugnaden. Flott innsats har også Arild Myklebust, Eldar Husøy, Olav Sæter, Per Ove Osnes og Stian Vågeskar gjort.

 

Dette vart gjort: Skraping, pussing og grunning, kitting og måling av austveggen og del av nordveggen med alle vindauge. Knust vindauge reparert (sponsa av Rammesenteret). Dør og vindauge i kjellaren mot vest er også skarpa, grunna og måla. Det er skifta svilebord på taket i søraust av hovudhuset. Inngangsdørene er pussa, olja og justerte.

 

Eit grundig og nødvendig vedlikehald!

 

Dronefoto: Stian Vågeskar

 

 

Billotteriet 2017

Vinn ein bil og støtt Ulstein KFUK-KFUM! Ein splitter ny Mitsubishi Space Star (listepris 181 500 kroner) blir din viss du vinn billotteriet vi arrangerer i 2017.

 

Vinnarsjansen er uvanleg høg, for det er berre trykt i underkant av 5000 lodd! Til samanlikning er vinnarsjansane i Lotto så låge som 1 til 5 000 000 og i Tipping 1 til 500 000.

 

Laurdag 10. juni kan du kjøpe lodd på Kulturallmenningen i Ulsteinvik mellom kl. 10 og 18.

 

Inntektene frå lotteriet går til arbeidet Ulstein KFUK-KFUM har for barn og ungdom: Ten Sing, Tween Sing, speidar, leiartrening m.m.

 

Lotteriet har løyve frå Lotteritilsynet, som trekker vinnarloddet 10. januar 2018. Det er trykt 4840 lodd. Uselde lodd vert ikkje med i trekkinga. Vinnaren vil bli tilskriven.

 

Globalløpet 2017

7. mai 2017 arrangerer Sunnmøre folkehøgskule globalløp i Ulsteinvik sentrum, til inntekt for skulen sitt Ilula-prosjekt.

 

Sjå arrangementet på Facebook.

 

Midlane går til arbeid for foreldrelause born og unge åleinemødre i Ilula i Tanzania, der skulen samarbeider med Ilula Orphan Program og Ilula YWCA. Prosjektet er ein del av Stop Poverty-kampanjen som er utvikla av KFUK-KFUM Global, der målet er å utrydde ekstrem fattigdom innan år 2030.

 

Folkehøgskulen har fokus på dette prosjektet gjennom heile året, og samlar inn pengar på ulike måtar. Globalløpet er den største inntektskjelda. I 2016 samla dei inn 447 000 kr. på løpet, med over 100 lokale deltakarar i tillegg til alle skulen sine elevar. Til saman var 215 deltakarar med.

 

Dagen startar med gudsteneste i Ulstein kyrkje kl. 11 der prosjektet blir presentert og elevane deltek. Så startar sjølve løpet rett etter gudstenesta utanfor kyrkja/rådhuset.

 

Løpet går ut på å springe eller gå så mange runder på 1 km som ein greier på ein time. Deltakarane skaffar sjølve sponsorar, enten pr. runde eller eit totalbeløp. Folkehøgskuleelevane stiller med kostymer, litt program med m.a. felles oppvarming, matsal og liv og røre i sentrum.

 

Få med deg vener og familie og bli med!

Årsmøte og medlemskveld 1. mars 2017

Vel møtt til årsmøte og medlemskveld på Fredheim!

 

Program:

 

18.00  Årsmøte med vanlege årsmøtesaker (sjå dokument nedst på sida)
– Konstituering
– Godkjenning av innkalling og sakliste
– Årsmelding frå Ulstein KFUK-KFUK
– Rekneskap frå styret 2016
– Budsjett 2017
– Val

 

19.15  Matykt med varmmat

 

19.45  Medlemskveld
– Øyvin Sønnesyn og linja Global Safari fortel om Sunnmøre Folkehøgskule sitt prosjekt i Ilula, Tanzania.
– Ten Sing syng.
– Allsong
– Magne Grimstad fortel om ny kyrkje.

 

Årsmøtedokument

Årsmelding for 2016

Revidert rekneskap for 2016

Innstilling frå valkomiteen

 

 

 

Raus gåve til Ulstein KFUK-KFUM

Opplæring Vest støttar Ulstein KFUK-KFUM med 10 000 kroner. Gåva gjer det mogleg å styrke det breie barne- og ungdomsarbeidet KFUK-KFUM driv lokalt.

 

Opplæring Vest AS har sidan 1979 drive sertifisert HMS-opplæring i bedrifter. Målet er at arbeidsplassane skal drivast på ein trygg måte for menneska der.

 

– Vi ønsker å støtte det gode arbeidet til KFUK-KFUM slik at barn og ungdom kan oppleve verdien av tryggleik og samhald. Det er viktig for dei både no, og når dei som vaksne skal jobbe saman med andre, seier Per Asle Madsen, dagleg leiar i Opplæring Vest.

 

– Vi er svært takksame for støtta frå Opplæring Vest. Tanken bak gåva harmonerer godt med føremålet til KFUK-KFUM, som er å utvikle og ta ansvar for heile mennesket med ånd, sjel og kropp, seier Jan Einar Roos, leiar i Ulstein KFUK-KFUM.

 

Ulstein KFUK-KFUM er eit aktivt lag for folk i alle aldrar som vil ta del i eit kristent og mangfaldig fellesskap. Laget driv Ten Sing-kor, Tween Sing-kor, Gospelkoret, speidargrupper, vaksengrupper og annan aktivitet i Ulstein. Det er over 300 aktive i laget, som har base på samlingshuset Fredheim i Ulsteinvik sentrum. «Ver deg sjølv. Stå opp for andre» er slagordet til KFUK-KFUM, som er ein del av YWCA og YMCA – verdas største ungdomsrørsle.