Ulstein Ten Sing feira 40 år

Klare for å feire 40 år! Frå høgre ser vi Ruben Voldsund, Magne Grimstad jr., Beate Mjøen Berg, Einfrid Grindheim, Mari Ann Vattøy og Ragnhild Blindheim.

Våren 1978 blei Ulstein Ten Sing starta. Hausten 1967 hadde presten Kjell Grønner starta det første Ten Sing-koret i Norge etter inspirasjon frå det amerikanske konseptet Sing Out America. Ten Sing fekk sitt store gjennombrot på TenåringsTreff i Sandefjord, sommaren 1968, og nye ten sing grupper blei starta over heile landet. Elleve år seinare var tida komen til Ulstein.

Skipingsdagen
7. april 1978 blei det kalla inn til skipingsmøte på Ulsteinvik bedehus. Saklista til skipingsmøte inneheldt reglement, val, økonomi, medlemsliste og namnespørsmål. Sidan namnespørsmålet stod sist på saklista blei ikkje namnet bestemt under sjølve stiftingsdagen. – Berre vas så seint. Seriøse forslag kan leverast til styret, meinte nokre. Andre igjen foreslo Frigjort eller Ulstein Ungdomskor. Ein foreslo Støpsel for å få kontakt med Stranda. Kontakt var namnet på ten sing koret i Stranda. I protokollen etter stiftingsmøtet står der – Val av namn blei overlatt til styret. Koret fekk namnet Profil.

Fleire tusen ungdommar
I løpet av desse 40 åra har ten sing vore ein viktig aktivitet for ungdommen i kommunen. Her har dei unge fått utvikle seg som menneske og sine musikalske evner. Medlemstalet har endra seg frå over 100 ungdommar i koret på 80-talet og til i dag med vel 40 ungdommar. Det betyr at fleire tusen unge har vore innom ten sing.

Ein vital 40 åring
I dag heiter koret Ulstein Ten Sing og er ein vital 40 åring. Laurdag 7. april, på dagen 40 år etter oppstarten, markerer koret jubileet med å invitere alle som har vore med i koret til øvingsdag på Fredheim. Øvingsdagen munnar ut i gospelkveld i Ulstein kyrkje seinare på kvelden.

Kirsti Pedersen Haugen har det musikalske ansvaret for øvingsdagen og felleskoret. Tidlegare ungdomsprest Thorvald Grønli held appell. Og sjølvsagt skal dagens ten sing synge. Ten Sing har fostra mange musikalske talent og fleire av desse får vi også høyre under gospelkvelden. Kvelden vert avslutta med stor bursdagskake.

Faksimile frå Vikebladet 6.mars 2018: