Historia om Fredheim

Fredheim før Sunnmøre Ungdomsskule flytta inn i eige bygg jula 1918.

I 2011 skreiv Ingvil Eilertsen Grimstad ein artikkel om arkitekt Johan Osnes i Levd liv. Johan Osnes var fødd i 1872 og døydde i 1961. Johan kom frå Iverhaugen på Osnes og utdanna seg til arkitekt. Han teikna blant anna Fredheim (1909) og gravkapellet på Osnes (1924). I artikkelen om Johan Osnes har vi henta ut det som gjeld Fredheim.

Fredheim – fleirbrukshus i særklasse

Fredheim er framleis eit staseleg bygg, men har mista mykje i seinare ombyggingar. Vi må studere gamle foto for å få inntrykk av det bygget Osnes teikna. I følgje oppdragsgjevar, som var Ulstein Kristelege Ungdomsforeining, skulle huset romme både samfunnshus, bedehus og skule.

Dei høge rundboga vindauga mot sjøen og kyrkja skapte dialog mellom aktiviteten inne på Fredheim og kyrkja på andre sida av vegen. Slike romanske rundbogevindauge gav assosiasjonar til dei første kyrkjene her i landet, noko som var viktig i eit tid då nasjonen skulle byggast.

Fredheim romma ikkje berre religiøs aktivitet. Den symmetriske fasaden som vender mot kyrkja møter sitt asymmetriske motstykke på sjøsida. Her er fasaden broten opp i fleire bygningsvolum – og vindusopningar. Mest karakteristisk er dei to luftige glasverandaene med elegante jugendbogar og vertikale sprosseelement. Lengst til høgre, i ein kryssande bygningskropp, er det derimot sett inn store krysspostvindauge.

Osnes brukte vindusinndelinga og dei ulike bygningsvoluma til å fortelje om huset sine mange funksjonar. Dette kan også vere årsak til at huset faktisk også har blitt brukt til så mykje; idrettslaget Hødd, musikk-laget Ulf, Røde Kors, Bank, Heste-assuransen   .

Det er å ta hardt i å kalle dette ein jugendstilbygning, men trekka finn vi. Forholdet mellom fasade og funksjon, den asymmetriske bygnings-kroppen og det halvvalma taket vitnar om at Osnes har ønska å skape ein organisk arkitektur.  I dag er sjøsida ombygd og lukka, og dermed er dessverre mykje av bygget sine estetiske kvalitetar borte.

Johan var elles lite aktiv på desse kantar  på begynnelsen av 1900 – talet.  Unntaka er  truleg nettopp Fredheim i Ulsteinvik og to bygningar etter bybrannen i Ålesund i 1904. Den eine, Grand Hotell i Kongens gate, vart ikkje bygd. Eit murhus i Øvre Strandgate vart bygd, men rive i 1976.

Johan hadde truleg nok å gjere i Trondheim. Ein skulle også tru at han hadde visse forpliktelsar på heimebane. I 1903 gifta han seg med Karen Jensine Haugan (f.1871), og dei fekk fem døtre; Asgerd (03), Lidveig (04), Karin(06), Jørga (09) og Dagrun (10).

Attgjeve med løyve frå Ingvil Eilertsen Grimstad.