Samlingshuset Fredheim ligg i Ulsteinvik – du kan leige huset til selskap og arrangement

Fredheim.

Fredheim er ei tradisjonsrik storstove midt i Ulsteinvik sentrum. Nedst på sida ser du når du kan leige huset!

Hovudsalen

  • kan dekkast som festsal for inntil 120 personer
  • har scene og kan nyttast som konsertsal for inntil 140 personar
  • har projektor, lerret, lydanlegg og flygel
  • har tilkomst med både heis og trapp

Storkjøkkenet

  • har stor steikeplass med 4 plater
  • har stor oppvaskmaskin og kaffitraktar
  • har koppar og kar til ca. 100 personar
  • har kvite dukar som kan brukast mot at ein betaler vask og stell av dei etterpå

Fredheimkjellaren

  • kan dekkast opp med sitteplassar for inntil 60 personar
  • har eit mindre kjøkken

Leigeprisar 

  • Hovudetasjen med kjøkken: 1500 kroner
  • Hovudetasjen utan kjøkken: 1200 kroner
  • Storkjøkkenet åleine: 600 kroner
  • Fredheimkjellaren: 900 kroner
  • Bruk av dukar: mot rekning frå vaskeri

Vilkår

Last ned vilkåra for leige av Fredheim.

Kontaktperson for utleige er Ulstein sokn

Send e-post til post.ulstein@kyrkja.no eller ring 70 01 76 80

Utleigekalender