Årsmøte i Ulstein KFUK-KFUM

Søndag 7.mars vart det halde årsmøte i Ulstein KFUK-KFUM.

Christfried Kaul leia møtet som sjølvsagt fann stad på Fredheim. Om lag 20 medlemmar møtte.

Inleiingsvis heldt Odd Arne Vikebakk ei kort andakt. Christfried Kaul las deretter årsmeldinga frå styret og einingane for arbeidsåret 2009.

Det har dette året vore stor aktivitet og mange gode opplevingar for både store og små i laget vårt. Det har vore tradisjonelle tilstelningar som opningsgudsteneste på Flø, basar, adventsfest, julefest og torsdagsmøte på Fredheim i samarbeid med NMS og Ulstein sokn. I tillegg har Ulstein KFUK-KFUM stått bak andre arrangement, som Vintertreff (VT) med omlag 300 ungdomar frå krinsen, jubileumsfest i samband med Fredheim sitt 100 års jubileum, familieleir på Fjellsetra i Sykkylven, samt søndagskafear på Fedheim.

Rekneskapen til Ulstein KFUK-KFM for 2009 viser gode resultat, noko som skuldast ei særdeles god basar- og jubileumshelg. Samstundes er det blitt brukt mindre midlar til vedlikehald enn budsjettert.

Det er forventa ei auke i utgiftene i 2010 i samband med ulike tiltak knytta til brannvern og vedlikehald av Fredheimbygget. Ein vil truleg måtte bruke oppsparte midlar for å dekke desse ekstra kostnadane.

Christfried Kaul orienterte om føringane for medlemskontingenten. Nye satsar for kontingenten vil vere kr 100 for lokalt medlemskap, medan eit støttemedlemskap kostar kr 275. Sidan det ofte er fleire i familien som er engasjerte i arbeidet, kan familiemedlemskap vere eit godt alternativ.

På vegne av valnemnda la Gunn Randi Solstad fram forslag til representantar til dei ulike styreverva i Ulstein KFUK-KFUM for inneverande år. Christfried Kaul vart valt som leiar. Valnemnda hadde imidlertid ikkje lukkast med å fylle alle plassane. Styret fekk difor i oppgåve å saman med valnemnda finne representantar til dei resterande verva.

Styret i Ulstein KFUK-KFUM vil til slutt nytte høvet til å rette ei stor takk til alle som stiller opp og gjer ein frivilleg insats for laget vårt. De er med på å skape eit ope og aktivt kristent barne- og ungdomsmiljø, og eit inkluderande fellesskap for dei vaksne!

Styret

 


Semesterplan KFUK-KFUM Speidar

Semesterplanen for KFUK-KFUM Speidar er klar. Du kan laste ned vedlagt fil (pdf-dokument) for ein oversikt eller trykke på linken nedanfor. Om du har spørsmål eller usikker på noko kan du ringe gruppeleiar Liv Osnes Dalbakken tlf 70012444 / 94311080


Utleige

Om du ynskjer å leige Fredheim, kan du ta kontakt med Hildegunn Fiskerstrand

Mobil: 95 15 96 92
Tlf: 70 01 23 46

hildegunn.fiskerstrand@gmail.com